Regjeringa sitt framlegg

Shinkansen Klar til avgang Kyoto stasjon,  foto Tormod Eitrheim
13.03.2009 Regjeringa kom med sitt framlegg til NTP 2010-2019 den 13. mars. Framlegget kan lastast ned her

Her er vår foreløpige reaksjon:

Høgfartsbanar må inn i NTP!

For jernbana inndeheld regjeringa sitt framlegg mykje å gle seg over. Vi vil framheve at det no blir fart i utbygginga av dobbeltspor, serleg på Austlandet, men også mellom Arna og Bergen. Den auka tilrettelegginga for gods er særs samfunnsnyttig og auka i drift og fornying er heilt naudsynt for å unngå forseinkingar, stans i drifta og kundeflukt frå jernbana.

På den andre sida er vi skuffa over at regjeringa er lite konkret i høve til høgfartsbanar. Det einaste som står er at Jernbaneverket skal arbeide vidare med å vurdere mulige konsept for høgfartsbanar. Vi har ikkje råd til å kaste bort 10 år med tanke på dei alvorlege utfordringane som vi har framfor oss;

Klimagassar, høge transportkostnadar, befolkningsauke, problem med framkome, arealbruk,  lokal støy og luftforureining og mangel på fysisk aktivitet. 

Med høgfartsbaner kan vi knytte Norge tettare saman, også med utlandet. Senke transporttidene- og kostnadene dramatisk for både personar og gods. I høve til internasjonale røynsler vil toget på det nærmaste utkonkurrere flytrafikken og erstatte mykje vegtrafikk. Slik kan vi spare store klimagassutslepp. Behover for å bygge firefeltsvegar og større flyplassar blir også mindre, noko som også sparar klimagassutslepp i tillegg til areal og pengar. Høgfartsbanane kan drivast effektivt på fornybar energi med dagens teknologi, og gjere norsk samferdsle mindre avhengig av olje. Kollektivreiser vert ofte kombinert med gange eller sykling, noko som kan bidra til eit minimum av dagleg fysisk aktivitet.

Med årlege investeringar på 15 - 20 milliardar vil vi ha eit heilt nett av høgfartsbanar i løpet av 20 til 30 år. til samanlikning investerer vi ca 90 milliardar årleg i oljeverksemda utan å blunke. At pensjonsfondet tapte seg med nærare 700 milliardar kroner i fjor syner at det er behov for alternativ plassering for ein del av formuen.

Stortinget må nå syte for at transportplanen blir meir konkret og forpliktande i høve til høgfartsbanar. Planen må sette av ein rund sum pengar som skal gå til utgreiing av fleire konkrete alternativ. Det må gjerne arrangerast ein konkurranse med premiar til dei beste utkasta. Det er og naudsynt å henta inn tung fagkompetanse frå  utlandet. Alle utkasta må leggast ope ut til offentleg debatt. Målet må vere at Stortinget innan 2012 skal bli i stand til å treffe ei velbegrunna avgjerd.

Høgfartsbanar er framtida. Samfunnet tapar på at regjeringa skuggar unna dette viktige spørsmålet.
< Tilbake
  Copyright 2008 © For Jernbane. All Rights Reserved. Logg inn
Publiseringsløsning: DestiNet