Transportetatane sine framlegg

19.02.2009 I februar 2008 la  Jernbaneverket, Kystverket, Avinor og Vegvesenet (transportetatane) fram sine framlegg til ny Nasjonal transportplan for åra 2010 til 2019. Etatane hadde fått i oppdrag frå Samferdsledepartementet å syne korleis dei ville prioritere mellom prosjekter og drift/vedlikehald. Prioriteringane skulle gjerast i høve til tre ulike senarier kor dei årlege øknomiske rammene var;
  • 20 % lågare enn i 2007
  • som i 2007
  • 20 % høgare enn i 2007
Det synte seg at etatene ville prioritere vedlikehald langt høgare ann hittil, og at det med desse rammene ikkje ville bli rom for så mange nye prosjekt. Senariene og forslaga frå etatene er grunnlaget for den vidare debatten fram mot at regjeringa kjem med sitt eige framlegg i månadsskiftet februar/mars 2009 og Stortinget seinare vedtek den endelege NTPen.

For Jernbane legg vekt på at det må investerast meir i jernbanen enn kva som ligg i utgangspunktet frå departementet. Vi laga eit alternativ som vi kalla 50+ kor vi auka investeringane til minst 5 mrd. årleg. Vi legg også vekt på at vi i høve til klimaet ikkje har mykje tid på å snu utslippsauke til reduksjonar og at fortsatt satsing på motorvegar og større flyplassar fort kan syne seg å vere feilinvesteringar.

< Tilbake
  Copyright 2008 © For Jernbane. All Rights Reserved. Logg inn
Publiseringsløsning: DestiNet